Kvar gang eg skrive om trening og sånn får eg alltid ein eller anna kommentar om kor eg får treningsmotivasjonen min frå. Generelt er eg ein person som rett og slett berre elskar å trene, og det har eg alltid gjort. Eg har alltid vore med på mange aktivitetar og hatt aktive kvardagar, og det har vore med på å forme den treningsinnstillinga eg har i dag. I tillegg har eg foreldre som trenar over gjennomsnittet masse, og det er jo sjølvsagt noke som påverkar mi innstilling til trening og ein aktiv kvardag.

Men alt det som er nemd over er jo berre det som gir meg ei generell lyst til å trene. Det som virkelig gir meg ein dytt i ryggen er når eg set meg mål. Det viktige med mål er at det ikkje må vere for vanskeleg, men det må heller ikkje vere noke du klarar etter to treningsøkter. Eller, det er jo viktig med små mål òg, men for meg er det dei mellomstore eller store som gir meg pågangsmot. Noko som er viktig når du skal setje deg eit mål, er at det er realistisk. Det må vere eit mål du sjølv har trua på at du kan nå. For det er ikkje vits i å setje seg eit høgt mål viss du innerst inne ikkje har trua på at du skal klare å nå det. Då har det ingenting å seie om vener eller andre rundt deg har trua på at du kan klare det.

Eit mål kan for eksempel vere at du skal auke 10 kilo i maksimal knebøy. Det vil ta tid, men med rett trening og rett fokus vil du omsider nå målet ditt.
Noke anna som er med på å gi meg veldig bra treningsmotivasjon er å kjenne at eg får framgang. Det er ein av grunnane til at eg brukar dei samme styrkeøvelsane nesten kvar einaste gang eg trenar. Når eg begynte å stå i planke for eksempel, kjente eg det godt etter å ha stått eitt minutt. Men etterkvart kjente eg at det ikkje lenger var så tungt, og til slutt klarte eg å stå eitt minutt planke med 10 kilo på ryggen. DÅ kjente eg at eg hadde hatt stor framgang, og det er jo klart at det gir motivasjon til å fortsette med treninga! Etter kvart klarte eg òg å stå i planke i litt over 3 minutt samanhengande. På den måten har eg kjent framgang veldig lett, men det kjipe er at du kjenner tilbakegang like lett. Etter russetida er det mest av det sistnevnte, hehe.

Men noko som er veldig viktig når du trenar for å nå eit mål, er at du må passe på å ikkje bli for overivrig og trene på deg overbelastningsskadar. Skadar er så utrulig øydeleggande og demotiverande på alle måtar, så viss du kjenner at noke ikkje er som det skal, burde du ta til med forebyggande behandling/trening med ein gang. Sjølv slit eg med beinhinnebetennelse, og det har sett ein veldig stoppar for meg når det kjem til mengdetrening. Beina har heldigvis blitt betre, men det er periodar der det kjem tilbake, og då tør eg ikkje å gå skikkelig til på trening, og eg får ikkje maksimalt utbytte av det eg gjer.
I tillegg til dei motiverande faktorane eg allereie har nevnt, gjenstår framleis den største og viktigaste faktoren for at eg i det heile tatt tenker på å komme meg ut av sofaen og inn i treningsklea - at eg vil føle meg vel i min eigen kropp. Eg vil føle meg frisk. Eg vil føle at eg er i form. Eg vil føle at eg kan prestere. Eg vil føle at eg faktisk fortjener å ete den posen med chips eller den isen i solsteiken. Eg vil føle at eg brukar kroppen min til noke fornuftig. Eg vil ha overskot til å gjere nødvendige ting i kvardagen (ja - trening gir deg energi). Og om det her gjer at eg ser smashing ut, så er jo det berre ein bonus!

GOD TRENING!!
Ka gir deg treningsmotivasjon?